Vil du vere med å skape moglegheiter for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og aktivitet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til fast 100 % stilling som koordinator for team Helse og inkludering i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i å styrkje fagleg kvalitet, samhandling og utviklingsarbeid innan oppfølging av personar med samansette utfordringar knytt til helse, arbeid og inkludering. Koordinatoren skal bidra til heilskapleg oppgåveløysing, kompetansedeling og godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Arbeidsstad vil vere Nav Sogndal.
Om Nav region Sogn
Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Team helse og inkludering arbeider på tvers av kommunane og skal, gjennom tett samarbeid med næringslivet, bidra til at personar med helseutfordringar kjem i arbeid.
Koordinatoren vil bidra til heilskapleg oppgåveløysing, kompetansedeling og godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Kva går jobben ut på?
bidra til at oppgåveløysinga skjer i tråd med gjeldande regelverk og føringaridentifisere behov for kompetanseutviklingleggje til rette for faglege møteplassar og læringsarenaerkoordinere fagleg samarbeid med andre Nav-einingar og relevante samarbeidspartnararstyrkje samhandlinga med arbeidsgivararrepresentere regionen i fagnettverk og samarbeidsforumvere pådrivar for fagleg utvikling og forbetringsarbeidgjennomføre rettleiing og individuell oppfølging av vaksne over 30 år med helseutfordringar som treng bistand for å kome i arbeid, kvalifisering eller aktivitet
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med utviklinga av Nav sine tenester.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravetgode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt god skriftleg framstillingsevne kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag gode digitale ferdigheiter førerkort kl. B
Det er ein fordel om du har
erfaring med rettleiing, saksbehandling eller liknande arbeid, gjerne frå offentleg sektor
kjennskap til næringslivet i Sogn og erfaring med samarbeid med eksterne aktørarerfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid
Kva ser vi etter hos deg?
du byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaerdu tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiterdu deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrke det arbeidsgivarretta arbeidetdu får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar
Kvifor velje oss?
spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.[phone].000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Nav kontoret ligg i Sogndal kommune som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Kontaktinformasjon
Torill Nesheim Tokvam, Avdelingsleiar, Nav Sogndal, [phone], torill.nesheim@nav.no
Arbeidsstad
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 22.09.2026