Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.
Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner.
Det er to ledige 100 % stillingar som barnevernskonsulent Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat.
Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming etter barnevernslovaTverrfagleg samarbeidSakshandsaming for nemnd og rettDeltaking i fagleg utviklingsarbeidSamarbeide i teamNoko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionomArbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdomGod kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifterØnskeleg med relevant vidareutdanningPersonlege eigenskapar vert lagt stor vekt påFørarkort klasse BGod skriftleg og munnleg norsk framstillingsevneGode datakunnskaparGodkjent politiattest må leverast før tilsetting
Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidetEvne til å arbeide sjølvstendig og i teamEvne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingarEvna til å kunne arbeide planmessig og strukturertGode analytiske evnerKunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativEvne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeidBevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksisVi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles
Vi tilbyr
Løn etter avtaleSystematisk opplæring og rettleiing
FleksitidSpanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljøLøysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsromInkluderande arbeidslivsverksemdGod pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Aina Øyehaug Opsvik, 40092789Torill Osborg Vinjevoll, 48148857
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%Fast, VikarSøknadsfrist: 23.09.2026