Vil du bli vår nye maskinsjef?

MDFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
BALLANGENFast Publisert 14 t sidenFrist 23. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet66/100Hvordan?
Lønnca 50 158 kr – 62 958 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 08. sep. 2026
Om stillingen

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Bognes - Skarberget, p.t. MF Glutra.

MF Glutra var bygd i år 2000 og var verdens første gassferje. I 2022 vart ho ombygd til batteri/hybrid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. 

Skiftordning er dagvakter med 2 veker på og 2 veker fri. Du vil få 6 vekers sommarferie!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

    Minimum M3-sertifikatSikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskriftaMES opplæringKrise- og passasjerhandteringGyldig helseerklæringSkandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

    Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

    Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.Fast stilling i eit anerkjent og solid selskapEit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter og rabattordningar. Skiftordning: Dagvakt - 2 veker på, og 2 veker av.6 vekers ferie på sommeren.

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad


8540 Skarberget

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 23.09.2026

MaskinsjefSkipsmaskinister
ArbeidsgiverMDFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS46 stillinger i databasen