Teknologi med meining – bli vår nye applikasjonsspesialist
Helse Vest IKT er ei av dei største IKT-verksemdene på Vestlandet og leverer digitale løysingar til sjukehusa i Helse Vest. Medarbeidarane våre arbeider kvar dag for å støtte pasientbehandling, forsking og administrative prosessar gjennom sikre, innovative og brukartilpassa IKT-tenester.
Vi søkjer no etter to applikasjonsspesialistar til fagområdet Fagjournal. Som applikasjonsspesialist får du vere med på å forvalte og vidareutvikle løysingar som er sentrale for pasientbehandlinga i sjukehusa i Helse Vest. Stillingane er plasserte i avdelinga Kliniske fag og støttetenester i divisjonen System- og informasjonsforvaltning.
Fagområdet Fagjournal består av om lag 29 medarbeidarar, fordelt på arbeidsstadene Bergen, Haugesund, Stavanger og Førde. Vi er stolte av å ha eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og samarbeid på tvers av lokasjonar og fagområde. Hos oss møter du hyggjelege og dyktige kollegaer som gjerne deler kunnskap og erfaringar. Vi legg vekt på at det skal vere låg terskel for å spørje om hjelp, slik at vi saman finn gode løysingar og utviklar oss fagleg. Her blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med samfunnskritiske løysingar og som er opptatt av kontinuerleg læring, samarbeid og utvikling. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å bidra til framtidas digitale helsetenester i Helse Vest.
Arbeidstad for stillingane; Bergen.
Arbeidsoppgåver
Tilpasse løysinga til sjukehusa i Helse VestSamarbeide med systemansvarlege i føretaka, bidra til optimal bruk og kontinuerleg forbetring av løysingaBidra til innføring av løysinga i nye einingar i helseføretakaHandtere endringsønske og feil som oppstår, samt løyse saker med komplekse problemstillingar for brukaraneBidra til å effektivisere måten vi arbeider med løysinga på, til dømes gjennom automatisering av manuelle rutinar og testingBidra til høg kvalitet gjennom testing av nye programoppdateringar før produksjonssetjing og nyutviklingSjå løysingar på komplekse problemstillingar i systemaHalde ved like artikkelkatalogen i Libra slik at han er tilpassa T-DOCVidareutvikle skannemalar, etikettar, lister og design for alt som blir skrive ut på sterilsentral og operasjonGi opplæring til brukarar i føretaka og bistå med tilpassingar i oppsett ved behovForvalte løysinga, tilhøyrande data og integrasjonarHa kontakt med leverandørar
Kvalifikasjonar
Høgare relevant utdanning er ein fordel. Arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande formell utdanning.God forståing og erfaring innan steril- og operasjonsprosessar, med brei erfaring innan T-DOC-konfigurering, implementering og forvaltning.Erfaring frå implementerings- og konfigurasjonsleiing.Fagressurs med unik kompetanse innan sterilsentral og operasjon i sjukehusa våre.God kjennskap til og erfaring med bruk av DevOps.Funksjonell og teknisk testarerfaring.Kjennskap til og forståing av Orbit og SAP.Generell teknisk IKT-kunnskap og forståing.God kjennskap til arbeidsprosessar i sjukehuset, sterilforsyning, operasjon og helsesektoren.Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Du har gode relasjonelle ferdigheiter. Du forstår andre sine behov og perspektiv, og gir tydelege tilbakemeldingar når situasjonen krev det.Du trivst med teamarbeid, men tek òg ansvar og gjer sjølvstendige vurderingar når det er nødvendig.Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser verdien av å dele kunnskap og erfaring med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.Du er nysgjerrig og stiller spørsmål for å oppnå betre forståing.Du arbeider strukturert og systematisk, med auge for detaljar. Du veit at detaljane er viktige for kvaliteten, samtidig som du har blikk for heilskapen.Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og bidreg til å finne gode løysingar saman med teamet.
Vi tilbyr
Høyrest det meiningsfylt ut å jobbe med teknologi som støttar viktige helsetenester og gjer kvardagen enklare for helsepersonell? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hos oss får du:
Moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø innan ein samfunnskritisk sektorVere med på å utvikle og forvalte løysingar som støttar pasientbehandling og kliniske arbeidsprosessarTilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsetteFleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsjLøn etter avtaleMedlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lars Jacob Hove, Avdelingsleiar, 91702650Cindy Torgersen Jensen, Seksjonsleiar, 97628270
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.09.2026