Stipendiat i KI-etikk med fokus på menneske-KI-konstellasjonar ved AI LEARN
UBUniversitetet i BergenUiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat
Vi ønsker deg velkommen som søker til ein ledig stilling som stipendiat i KI-etikk med fokus på menneske–KI-konstellasjonar ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er ein åremålsstilling på tre år, knytt til AI LEARN-senteret, og er finansiert av Norges forskningsråd.
Om AI LEARN
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Om prosjektet
Stillinga er knytt til senterklynga Governance, Ethics & Regulation og gir moglegheit til å bidra til med forsking i skjeringspunktet mellom rekonfigurasjonar, praksisar, nettverk og/eller samarbeid mellom menneske og teknologi og utforskar ulike menneske–KI-konstellasjonar med fokus på demokratisk deltaking, etikk og menneskerar.
Ph.d.-rettleiar vil være postdoktor Anja Salzmann, Universitetet i Bergen (UiB) og medrettleiar Prof. Wayne Holmes ved University College London, UCL.
Arbeidsstaden er Bergen, Norge.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må:
Det er en fordel dersom du:
Det er normalt eit krav om karakteren B eller betre på masteroppgåva, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, for opptak til ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også bli vurdert i evalueringa av kandidatane.
For stillinga gjeld følgande
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år og stillinga er knytt til AI LEARN sitt Cluster for Ethics, Governance and Regulation. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen, og kan heller ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.
Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5