Ledige stillingar innan avlastning og BPA
ÅKÅseral kommuneHar du engasjement for å arbeide med menneske og ønskjer ei meiningsfull deltidsstilling?
Vi har no fleire ledige stillingar og søkjer etter trygge, positive og omsorgsfulle medarbeidarar til vårt team.
Student?
Vi oppfordrar særleg studentar innan helse, sosialfag, pedagogikk eller andre relevante studium til å søkje.
Stillingane kan kombinerast med studiar og gir verdifull erfaring frå arbeid med menneske.
Arbeidsoppgåver
Avlastning for ungdom
Vi har ledig:
2 faste helgestillingar på 16 %, ei stilling med nattevakter og ei stilling med kveld og dag
Arbeid 4. kvar helg
Stillingane inneber oppfølging og aktivitetar med ungdom. Vi søkjer deg som er trygg, ansvarsfull og oppteken av å skape gode opplevingar og relasjonar.
BPA-team (Brukarstyrt personleg assistanse)
Vi har ledig:
1 fast helgestilling på om lag 17 %, arbeid 3. kvar helg
1 vikariat i 50 % stilling, hovudsakleg nattevakter
Som BPA-assistent bidreg du til at brukar kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå brukar sine behov og ønskje, og inneber alt frå personleg stell, matlaging og husstell til sosiale aktivitetar.
Kvalifikasjonar
Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre bil for rullestol, med manuelt gir.
Personleg eignaheit vil bli særleg lagt vekt på
Personlege eigenskaper
Kven ser vi etter?
Politiattest:
Den som vert tilsett må før tiltreding leggje fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
Dette er eit krav fordi stillingane inneber arbeid med barn, ungdom og personar med hjelpebehov, og skal bidra til å sikre eit trygt og forsvarleg tilbod.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +[phone]
Arbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 50%FastStartdato: 01.10.2026Søknadsfrist: 11.09.2026