Intensivsjukepleiar

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
ÅLESUNDFast Publisert 14 t sidenFrist 22. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
Lønnca 49 930 kr – 61 700 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 08. sep. 2026
Om stillingen

Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?
Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat.

Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:

    Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
    Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
    Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
    Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane

Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).

Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!

Arbeidsoppgåver

    Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner
    Pasientovervaking, behandling og pleie
    Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell
    Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet
    Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov)

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som sjukepleiar
    Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensivErfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
    Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

    Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst
    Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
    Du er fleksibel og løysingsorientert
    Du bidreg positivt til arbeidsmiljøetPersonelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

    Sterkt tverrfagleg samarbeid
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Løn etter gjeldande overeinskomstar
    Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +[phone], Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 56017 Ålesund

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100, 85%Fast, VikariatSøknadsfrist: 22.09.2026

IntensivsykepleierSpesialsykepleiere
ArbeidsgiverINTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF1 stilling i databasen