Avdelingsleiar

AHOPK-KN - Avd. HUM 1, Vestland fylkeskommune
ISDALSTØFast Publisert 17 t sidenFrist 22. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet85/100Hvordan?
Lønnca 49 510 kr – 62 144 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram med tilsaman omlag 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga kan bli endra.Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområde dette skuleåret; vurdering integrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, med ansvar for vikarhandtering. Du vil saman med andre avdelingsleiarar få overordna ansvar for skuleårsplanlegging, timeplanarbeid og drift av InSchool.  Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.

Kvalifikasjonar

Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanseØnskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaringØnskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyrGod kunnskap om vidaregåande opplæringKjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Du likar å jobbe med ungdom!
Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
Du er strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft                                                                                                                                 
Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
Du er god på å samarbeide
Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd

Vi tilbyr

Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skuleEit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaerEin skule med ambisjonar på vegner av elevaneGode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkårDet er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skuleLeiarutviklingsprogram i regi av VLFKMoglegheiter for videreutdanning innan leiing (rektorutdanning)

Kontaktinformasjon

Ulrik Schütz, Rektor              , 90604879Hilde Fiske Hugaas, Ass. rektor, 92048899

Arbeidsstad

Juvikstølen 95916 Knarvik

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 22.09.2026

AvdelingslederAndre ledere av produksjon og tjenesteyting
ArbeidsgiverAHOPK-KN - Avd. HUM 1, Vestland fylkeskommune1 stilling i databasen