Sjukepleiar - fast stilling på natt

IHAvdeling Indre Haram heimeteneste, Haram kommune
TENNFJORDFast Publisert 15 t sidenFrist 21. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet77/100Hvordan?
Lønnca 49 453 kr – 62 073 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Haram kommune søkjer etter ein sjukepleiar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er opne for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønskjer å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde, her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

    Helsefaglege oppgåver.Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

    Autorisasjon som sjukepleiar.Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

    I Haram kommune ønskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit
    godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
    Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Godt humør og positiv framtoning. Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

    Tverrfagleg samarbeid.Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. Gode turnustekniske løysingar. Løn etter tariff. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.noMaria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 62,5%FastSøknadsfrist: 21.09.2026

SykepleierSykepleiere
ArbeidsgiverIHAvdeling Indre Haram heimeteneste, Haram kommune1 stilling i databasen