Fastlege- Vatne legekontor

TETenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
TENNFJORDFast Publisert 15 t sidenFrist 20. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet85/100Hvordan?
Lønnca 49 510 kr – 62 144 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Vil du vere med og utvikle legetenesta i Haram kommune?
Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til 100% stilling med oppstart i desember.

Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen, med utgangspunkt i tenesta sine behov og legen sin arbeidssituasjon. For ALIS-legar er utgangspunktet ei listelengde på om lag 800 pasientar, medan allmennlegespesialistar har ei listelengde på om lag 900–1000 pasientar. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.

Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Vatne legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som legeGjennomført LIS1 i NorgeSpesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløpGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerGod kunnskap om norsk lovverkGode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
    Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

    Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vektInteresse for å vere med og bidra inn i utvikling og drift av legekontoretInteresse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheitEvne til å jobbe i teamGodt humør og positiv framtoningGod arbeidskapasitet

Vi tilbyr

    Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkårDu kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillingaInterkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legarInterkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund og er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
    Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen

Kontaktinformasjon

Linn Jenny Husøy Morsund, Avdelingsleiar, 41446306, linn.jenny.husoy.morsund@haram.kommune.noElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Fv106 12806264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.12.2026Søknadsfrist: 20.09.2026

FastlegeAllmennpraktiserende leger
ArbeidsgiverTETenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune2 stillinger i databasen