Lærarvikariat 100 %

ABAUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN
STOREBØVikariat Publisert 15 t sidenFrist 20. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet88/100Hvordan?
Lønnca 49 510 kr – 62 144 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.

Om stillinga

Storebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå 01.11.26 - 31.07.27.

Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve!

Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

    UndervisningKontaktlæraransvar kan vere aktueltDelta i utviklingsoppgåver som skulen harArbeida i team

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

    Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinnKunnskapar om og evner til god klasseleiingInternasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT

Personlege eigenskapar

    Gode samarbeidsevnerAt du er strukturert, sjølvstendig og fleksibelGod IKT- kompetanse

Vi tilbyr

    Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljøSpanande utfordringarLøn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

ArbeidsgiverABAUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN6 stillinger i databasen