Avdelingsleiar
STTeneste- og samordningskontor, Time kommuneMe har ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Teneste- og samordningskontoret. Teneste- og samordningskontoret er verksemda som behandlar alle søknader om helse- og omsorgstenester i kommunen. Me er derfor sentrale i møte med innbyggarane i kommunen. Me har tett samarbeid med dei andre avdelingane i helse og velferd, og også på tvers av kommunal områda. Vår jobb inneber også koordinering og samhandling både internt og eksternt.
Du vil som avdelingsleiar bli ein del av eit bra team, prega av godt arbeidsmiljø og dyktige tilsette.
Ansvarsområda som er lagt til stillinga gjer den både innhaldsrik og variert.
Leiarstillinga vil ha ansvaret for:
- BPA-ordningane i Time kommune
- Private avlastarar, fritids- og treningskontaktar
- Tilsette ved Time Frivilligsenter, som inkluderer kafe, aktiviteter og kantine
Arbeidsoppgåver
- personal- og budsjettansvar
- rekruttera og følga opp private avlastarar, fritids- og treningskontaktar og tilsette i BPA-ordningane
- oppfølging av arbeidsleiarar i BPA-ordningane
- saksbehandling
- overordna ansvar for det frivillige arbeidet, i eit samarbeid med frivilligkoordinator, og driften av Time Frivilligsenter
- andre oppgåver kan verta tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- utdanna vernepleiar/sosionom/sjukepleiar
- anna 3. årig høgskuleutdanning, og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
- du må ha noko kunnskap om BPA-ordning
- det er ein stor fordel om du har erfaring eller kunnskap om arbeidstidsordningar
- det er ein fordel om du har leiarerfaring
- det er ønskeleg at du har erfaring frå arbeid innan helse og velferd i kommunal sektor
- erfaring frå saksbehandling etter helse- og omsorgstjenesteloven vil vera ein fordel
- kjennskap til det frivillige arbeidet
- førarkort klasse B
- gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- du må lika utfordringar, vera fleksibel og løysningsorientert
- robust til å stå i saker som krev noko ekstra
- ha evne til rask omstilling, og ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- vera god på å strukturera og prioritera arbeidsoppgåver
- du må meistre samansette oppgåver, vera sjølvstendig og ansvarsbevisst
- evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- personleg eignaheit til stillinga vil verta vektlagt
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Sølvi Hadland, Verksemdleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Røyrvika 24340 Bryne
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 27.09.2026