Miljørettleiar 100% prosjektstilling
ØGØygarden kommune GullfjellbasenOm Gullfjellbasen
Gullfjellbasen er ei avlastningsteneste for barn og unge, som er lokalisert Straume. Avdelinga leverer avlastning som pårørandestøtte til foreldre som har særlig krevjande omsorgoppgåver, og som har vedtak om etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2. Her møter du ei stabil og fagleg sterk personalgruppe som arbeider målretta for å skape tryggleik, meistring og gode utviklingsmoglegheiter for ungdomane.
Om prosjektstillinga
Prosjektstillinga er knytt til utprøving av målsetjingar i Brobyggarprosjektet, eit tverrfagleg samarbeid i regi av Samskaping i Vest. Målet er å skape tryggare og meir heilskaplege overgangar frå oppfølging i barnevernet til eit sjølvstendig vaksenliv.
Vi startar no opp med ei prosjektstilling med mål om å utvikle og etablere eit varig tenestetilbod.
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement for unge vaksne som opplever utfordringar på fleire område i livet. Du er relasjonelt trygg, tolmodig og løysingsorientert, og du ønskjer å finne nye måtar å møte behova til ungdomane på. Du vil samarbeide tett med barnevernstenesta, samtidig som du blir ein del av det faglege fellesskapet ved Gullfjellbasen.
Stillinga er ledig frå 01.10.2026 og har varigheit på 1 år
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Må ha
Ønskjeleg med
Personlege eigenskapar
Kvifor velje oss?
Hjå oss får du moglegheita til å vere med på å forme eit nytt og viktig tenestetilbod for unge vaksne. Du blir del av eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse, tett samarbeid og eit sterkt engasjement for ungdomane vi arbeider for.
Vi tilbyr
Anna
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Kontakt
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med Monica Førde Landro, tlf [phone] eller Terje Aaberg, tlf [phone]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.Link til søknadsskjema:
Søk her