Tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde

HNHjelpemidler, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
KOKSTADFast Publisert 14 t sidenFrist 30. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet89/100Hvordan?
Lønnca 51 814 kr – 65 036 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Vil du vere med å gjere ein forskjell?


Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig fire faste 100 % stillingar som tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.



Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen er i utvikling, og vi ønsker å styrke både kompetansen og kapasiteten vår. Vi treng fleire dyktige tolkar som kan vere med på å sikre fagleg sterke og brukarvennlege tenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Ressursane skal hjelpe oss å møte eit aukande behov for tolkehjelp og vidareutvikle tolketilbod av høg kvalitet.Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve, høyrselshemma og døvblinde.Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.

Arbeidsoppgaver

    tolking for døve og høyrselshemma, både oppmøtetolking, skrivetolking og skjermtolking, og tolking/ledsaging for døvblindebidra til fagleg utvikling av tenestatolking til og frå engelskrettleiing av praksisstudentar ved behov

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som har:

    bachelor i teiknspråk og tolking eller tidlegare tilsvarande utdanningførarkort klasse B, fordi tenesta er ambulantgode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg

Vi ønsker at du har:

    god kompetanse i alle tolkemetodararbeidserfaring som teiknspråktolk, skrivetolk og tolk for døvblindegode datakunnskapargode ferdigheiter i engelsk, fordi vi også har oppdrag med tolking til/frå engelsk

Personlige egenskaper

    Kommunisere tydeleg og samarbeide godt - du trivst i team og kan bygge gode relasjonar med kollegaer og brukarar.Vere robust og ha god arbeidskapasitet - du handterer varierte arbeidsoppgåver og held hovudet kaldt i travle periodar.
    Vise engasjement og vere serviceinnstilt – du møter brukarar med respekt og profesjonalitet, og jobbar målretta for gode resultat.
    Jobbe effektivt og fleksibelt – du tilpassar deg endringar og taklar uventa hendingar med ro og løysingsorientering.Ta ansvar for eiga fagleg utvikling – du er sjølvstendig og nysgjerrig og ønsker å halde deg fagleg oppdatert.Etterleve reglar for offentleg forvaltning og krav til etikk – du har høg integritet og god forståing for rolla som offentleg tilsett.

    Vi legg stor vekt på kven du er som person og korleis du bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss, får du:

    spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdragaktive og engasjerte kollegaerfleksitidsordningmoglegheit for å trene i arbeidstidamoglegheit for hybrid arbeidskvardagjobbe i trivelege lokale på Kokstadgod pensjonsordning i Statens pensjonskassestillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000,- til 693 999,- avhengig av utdanning og kvalifikasjonar

    For særskilt kvalifiserte søkarar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar vurderast.

Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du får tilbod om stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla som kan gjere deg tryggare på at vi er ein god match.

Kontaktperson

Hans Jørgen Svabekk, avdelingsleiar, tlf. [phone], e-post Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no

Kontaktinformasjon

Hans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar, [phone], Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 355257 Kokstad

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgiver: NavReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 30.09.2026

TolkOversettere, tolker mv
ArbeidsgiverHNHjelpemidler, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen1 stilling i databasen