Psykolog/psykologspesialist til MBT-team ved Øyane DPS
ØAØyane allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HFVi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.
Har du interesse for mentaliseringsbasert terapi (MBT) og behandling av pasientar med personlegdomsproblematikk? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg.
Den ledige stillinga er knytt til fagteamet vårt for mentaliseringsbasert terapi (MBT). MBT-teamet er eit tverrfagleg behandlingsteam som gir mentaliseringsbasert behandling til pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsproblematikk. Teamet tilbyr strukturert behandling med individual- og gruppeterapi og arbeider etter prinsippa i MBT-modellen.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, rettleiing og fagleg utvikling står sentralt. Vi er opptatt av å halde oss fagleg oppdaterte og vidareutvikle behandlingstilbodet i tråd med ny kunnskap og forsking. Teamet har regelmessig rettleiing frå eksterne spesialistar, og vi legg til rette for undervisning, fagleg utvikling og erfaringsdeling. Vi ønskjer medarbeidarar som er nysgjerrige, engasjerte og som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare.
Relevant kompetanse og erfaring med MBT, samt erfaring med behandling av pasientar med personlegdomsforstyrringar, vil bli vektlagt. For søkjarar som ikkje har relevant vidareutdanning, kan vi etter ei samla vurdering leggje til rette for dette.
Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden, eit område med om lag 65 000 innbyggarar og sterk befolkningsvekst. Vi ønskjer oss fagleg engasjerte medarbeidarar som vil bidra til vidare utvikling av tenestene våre, og høyrer gjerne frå deg som har noko du brenn for innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
Øyane DPS held til i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. DPS-et har to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med åtte plassar kvar. I tillegg har vi psykosepoliklinikk/FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutteam.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av fagmiljøet vårt på Øyane DPS.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Beate Hauge Støle, Seksjonsleiar, 91187975
Arbeidsstad
Blombakkane 755354 Straume
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026