Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga
UBUniversitetet i BergenKunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga
UiB sine nettsider spelar ei sentral rolle i student- og forskarrekruttering, formidling av forsking og synleggjering av UiB sitt samfunnsbidrag. Universitetet har dei siste åra løfta kvaliteten på webtenestene sine. No treng vi ein seniorrådgivar som kan bidra til trygg drift, god forvaltning og målretta vidareutvikling av tenestene.
UiB organiserer digitale tenester i produktlinjer på tvers av avdelingsstrukturen, og webproduktlinja ligg under produktområdet administrasjon og formidling. Stillinga er organisatorisk plassert i Kommunikasjonsavdelinga, men skal arbeide tett saman med mellom anna IT-avdelinga og leie dette tverrfaglege produktlinjearbeidet. Stillinga har ikkje personalansvar.
Arbeidsoppgåver
Produktlinjeleiar skal koordinere eit tverrfagleg team frå IT-avdelinga og Kommunikasjonsavdelinga. Teamet har ansvar for forvaltning, drift og vidareutvikling av UiB sine webtenester, og arbeider med både teknologi, innhald, brukaroppleving og digital kommunikasjon. Ei sentral oppgåve er vidareutvikling av UiB si Drupal-baserte plattform som blir driven i eit Kubernetes-basert containermiljø.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Innan det første året skal produktlinja ha stabil drift, føreseielege leveransar og godt forankra prioriteringar på tvers av dei involverte fagmiljøa.
Kvalifikasjonar
Søkjarane må ha:
Det er ein fordel med:
Vi søkjer ein person som
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi kan tilby
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Jørgen Thune Johnsen, E-post: jorgen.johnsen@uib.no, tlf.: [phone].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.