Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

SMSengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
HJELSETFast Publisert 12 t sidenFrist 20. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet85/100Hvordan?
Lønnca 49 510 kr – 62 144 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR! 

Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil legge til rette for at tilsette kan kome med ønsker for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønsker det.

Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt. 

Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget!

Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!

Arbeidsoppgåver

    Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientarSjukepleieadministrative oppgåverLegemiddelhandteringArbeid i team rundt pasientenKontinuerleg forbetringsarbeidRettleiing av studentar og kollegaerSamhandling med kommunar

Kvalifikasjonar

    Autorisert sjukepleiarSjukepleiar med videreutdanning innan lunge, fordøyelse, nyre eller diabetes er ønskelegMeistrar norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

    Du er positiv og har gode samarbeidsevnerDu arbeider både sjølvstendig og i teamDu er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåverDu bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeidDu er ansvarsbevisstDu er påliteleg og lojalDu er løysingsorientertDu bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

    Eit godt og positivt arbeidsmiljøDyktige og engasjerte medarbeidararSpanande og varierte arbeidsoppgåverFaglege utfordringarFagutvikling og kompetansehevingSterkt tverrfagleg samarbeid
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Løn etter gjeldande overeinskomstar
    Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +[phone], Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 46450 Hjelset

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100, 90, 80%FastStartdato: 02.11.2026Søknadsfrist: 20.09.2026

SykepleierSykepleiere
ArbeidsgiverSMSengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF2 stillinger i databasen