Miljøarbeidar 20 % fast stilling
ØTØygarden kommune Terna avlastningOm avdelinga :
Terna avlasting gir avlasting til familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Vi legg stor vekt på å gi trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet og gode relasjonar.
Stillinga er knytt til årsplan med todelt turnus og 12 helger i året, med langvakter om lag kvar fjerde helg.
Ei 20 % stilling kan passe godt for deg som ønskjer å kombinere denne jobben med studium eller anna jobb.
Arbeidsoppgåver:
Som miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurderte dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Det er ein fordel om du har:
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er trygg, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.
Du kommuniserer godt med både barn, føresette og kollegaer, og du evnar å sjå den enkelte sine behov. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.
Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfylt.
Vi tilbyr
Vil du bli ein del av teamet vårt?
Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontakt
Helene Herdlevær Jentoft
Avdelingsleiar Terna avlastning
Tlf. [phone]
Monica Førde Landro
Leiar forvaltning og støttetenester
Tlf. [phone]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.Link til søknadsskjema:
Søk her