Helsefagarbeidar

KKKviteseid kommune
KVITESEIDFast Publisert 12 t sidenFrist 24. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet79/100Hvordan?
Lønnca 51 901 kr – 64 687 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 07. sep. 2026
Om stillingen

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar 80% fast ved somatisk og korttid frå d.d

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.

Kviteseid omsorgssenter etablerer no ei eiga korttidsavdeling, og vi søkjer ein helsefagarbeidar som vil jobbe både på korttid og somatisk avdeling. Her vekslar du mellom oppgåver knytt til korttidsopphald, rehabilitering og somatisk pleie – og vi ønskjer difor deg som har erfaring frå desse områda og trivst med høgt tempo, faglege vurderingar og tett samarbeid.

Arbeidsoppgåver

    Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskravMiljøretta arbeid i skjerma avdelingAktiv deltaking i oppstart og utvikling av korttidsavdelingaBidra i fagutvikling og kompetansehevingRettleiing av lærlingar, studentar, bebuarar og pårørandeTverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som helsefagarbeidarErfaring frå korttid, rehabilitering eller somatisk avdeling er ein fordelInteresse for faget og utvikling av tenesterGod digital kompetanseGode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

    Fleksibel, strukturert og løysingsorientertHar gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerHar evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvarFagleg nysgjerrig og oppdatert

Vi tilbyr

Hjå oss får du ein kvardag der du kombinerer trygge og gode dagar for bebuarar med somatiske lidingar, demens / kognitiv svikt på skjerma avdeling, og faglege utfordringar og dynamikk i korttidsavdelinga.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – og som jobbar målretta for å gje bebuarar kvalitet, tryggleik og gode overgangar vidare i tenesteløpet.

Kviteseid omsorgssenter (KOS) har 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.

Kontaktinformasjon

Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +[phone], helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Kviteseidgata 133850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastSøknadsfrist: 24.09.2026

HelsefagarbeiderHelsefagarbeidere
ArbeidsgiverKKKviteseid kommune4 stillinger i databasen