Om stillingen
Er du vår nye kollega? Vi har ledig ei fast 100 % stilling for sjukepleiar eller vernepleiar. Tiltreding etter avtale.
Miljøarbeidartenesta yter i dag tenester til om lag 65 brukarar med utviklingshemming og/eller psykiske lidingar. Vi har ca. 85 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Hos oss jobbar sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. Vårt mål er å bidra til at brukarane får leve gode og meiningsfulle liv i tråd med eigne føresetnader, ynskje og behov. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og som bidreg til å skape trygge og gode kvardagar for brukarane våre.
Stillinga er knytt til avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) i Miljøarbeidartenesta. I avdeling Kvitveisen tilbyr kommunen avlastning for barn med nedsatt funksjonsevne i kommunal avlastningsleilegheit og i privat heim. I avdeling Åsateigen tilbyr ein teneste til voksne i eigen heim. Vi treng deg som ser heile menneske, og som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem.
Vi har årsturnus med vakter mellom 12,5–14 timar og arbeid gjennomsnittlig kvar fjerde helg. Det må påreknast å delta på personalmøter og fagmøter opptil seks gonger i løpet av turnusåret.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt med oss!
Vi tilbyr
Ein turnus organisert med vakter 12,5-14t og med arbeid i gjennomsnitt kvar 4.helg. Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta. Dei består mellom anna av:
Heilskapleg og personorientert pleie og omsorgPraktisk bistand til dagleglivets gjeremålSamarbeide med pårørande, spesialisthelsetenesta og andre relevante faginstansarUtarbeide, gjennomføre og evaluere individuelle planar, tiltaksplanar og risikovurderingarUtføre og følgje opp medisinske prosedyrar, inkludert legemiddelhandtering i samsvar med gjeldande lovverk og retningslinjerSikre god fagleg dokumentasjon og bidra til kvalitet og pasientsikkerheit i tenestaDelta i tverrfaglig samarbeid og bidra til fag- og kompetanseutvikling Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.Ønska kompetanse og erfaring:
Førarkort klasse B.Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller komplekse behov
Erfaring med medisinske prosedyrar, legemiddelhandtering, dokumentasjon og fagleg vurdering.Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Vi ser etter deg som
Har god relasjonskompetanse med evne til å skape tillit og tryggleik over tidHar godt samarbeidsevne og vilje til å bidra til eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljøEr strukturert og ansvarsbevisst, med evne til å rettleie, ta faglege vurderinga og prioritereEvne til å handtere krevjande situasjonar med ro, profesjonalitet og respektFor tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, [phone]Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +[phone]
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 27.09.2026
Sist oppdatert 07. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen