Om stillingen
Haukeland universitetssjukehus sitt kurs- og konferansesenter i Bikuben har en unik beliggenhet midt i Haukelandsparken. Senteret er på om lag 1600 m² og har kapasitet til 350 deltakarar. Her finn du moderne kurs- og møterom, mingleareal med utsikt mot byfjella og kaffebuffeer for deltakarane våre.
Kurs- og konferansesenteret skal bidra til profesjonell og god gjennomføring av kurs, møte, seminarar og konferansar ved Haukeland universitetssjukehus. Bikuben ønsker å vere ein viktig møteplass og arena der dei tilsette møtast på tvers av klinikkar, fagområde og profesjonar.
Vi søker ein allsidig og serviceinnstilt kurskonsulent i 100% fast stilling. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer praktisk tilrettelegging, service, logistikk og teknisk støtte. Vi ser etter deg som trivst med høgt aktivitetsnivå, tar ansvar og likar å bidra til gode opplevingar for både arrangørar og deltakarar.
Arbeidsoppgåver
Som kurskonsulent vil du vere ein viktig del av den daglege drifta av kurs- og konferansesenteret. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
klargjering og tilrettelegging av lokale til kurs, møte, seminarar og konferansarmottak og oppfølging av arrangørar og deltakararpraktisk og teknisk støtte før og under arrangementoppfølging av AV-utstyr, IKT-løysingar og anna teknisk utstyrkoordinering og logistikk knytta til arrangement og møteverksemdoppfølging og tilrettelegging av servering og kaffebuffeerpraktiske oppgåver knytta til kjøkken, servering, rydding og oppvaskbidra til at lokale og fellesareal held god standard gjennom heile dagenbidra til gode rutinar og kontinuerleg utvikling av drifta ved senteretandre oppgåver knytta til den daglege driftaKvalifikasjonar
Vi ønsker at du:
har relevant utdanning frå vidaregåande skole, fagbrev eller fagskolegjerne har bakgrunn frå hotell- og restaurantfag, kjøkken-/kantinefag, service eller tilsvarandehar god digital kompetanse og er trygg på å ta i bruk nye IKT-løysingar og ny teknologikommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleggjerne har erfaring frå kurs- og konferanseverksemd, hotell, servering, kundeservice eller liknande arbeidRelevant erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlige egenskaper og ser etter deg som:
er serviceinnstilt, imøtekommande og opptatt av å skape gode opplevingarer løysingsorientert og tar initiativ når noko må løysastarbeider strukturert og har god oversikt, også når det skjer mykje samtidiger fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåverer ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendigsamarbeider godt og bidrar positivt i teameter praktisk anlagt og ikkje redd for å ta i eit taker trygg i møte med ulike menneske og situasjonarer observant og har auge for detaljartrivst i eit aktivt arbeidsmiljø der arbeidsdagen kan endre seg rasktkonsulentstillinga er knytta til Hospitaldrift Matforsyning med eit ønske om samarbeid på tvers av avdelinganeHos oss er ingen dagar helt like. Du kan starte dagen med å klargjere eit møterom, hjelpe ein arrangør med teknisk utstyr og seinare sørge for at servering, logistikk og lokale fungerer som dei skal. Vi ser derfor etter ein person som både ser kva som må gjerast og bidrar der det er behov.
Vi tilbyr
ein variert og aktiv arbeidskvardag i eit moderne kurs- og konferansesentereit arbeidsmiljø med høgt tempo, samarbeid og stor kontaktflatemoglegheit til å bidra til vidare utvikling av kurs- og konferansetilbodet ved Haukeland universitetssjukehusein arbeidsplass der service, kvalitet og gode deltakaropplevingar står sentraltKurs- og konferansesenteret er organisert under Hospitaldrift, ein avdeling i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, med åtte einingar og om lag 750 medarbeidarar. Kurskonsulentstillinga er knytta til Hospitaldrift Matforsyning. Vi har eit breitt samansett fagmiljø som støttar opp under sjukehusets kjerneverksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Berne Johansson, Seksjonsleiar, 92495147
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 07. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen