Om stillingen
Brenn du for å gi gravide og familiane deira ei trygg, heilskapleg og omsorgsfull oppfølging gjennom svangerskapet?
Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk jordmor med fokus på kvalitet, førebygging, tidleg innsats og eit ønskje om å delta i tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale faglege retningslinjerHeimebesøk til barselkvinner og nyfødde etter fødselEtterkontroll med rettleiing om prevensjon, inkludert innsetjing av langtidsverkande reversibel prevensjon (LARC)Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsesjukepleiarTverrfagleg samarbeid med andre tenesterBidra til fagutvikling og kvalitetsarbeidKvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
Autorisasjon som jordmor (mastergrad eller vidareutdanning i jordmorfag)Norsk autorisasjon som helsepersonellGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerGod skriftleg og munnleg framstillingsevneØnskt kompetanse
Erfaring frå svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ønskjeleg
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Fagleg trygg og engasjertRelasjonssterk og tillitvekkjandeSjølvstendig og strukturertFleksibel og løysingsorientertBidreg positivt til arbeidsmiljøetPersonlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommuneLønn etter gjeldande lov og avtaleverkGode forsikrings- og pensjonsordningarKopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://midt-telemark.kommune.no/
Sist oppdatert 07. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen