Om stillingen
Om stillinga
Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert og som ønskjer å jobbe med kommunikasjon i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Stillinga vil ha ansvar for departementets innhald i sosiale medium, og delta i ein felles redaksjon for regjeringas sosiale medium. I tillegg inneber jobben å ta del i dei mange løpande strategiske og operative oppgåvene i Kommunikasjonseininga. Vi er til saman seks medarbeidarar i Kommunikasjonseininga, som gir faglege og strategiske kommunikasjonsråd til politisk leiing og departementet. Arbeidet er kjenneteikna av eit høgt tempo, varierte oppgåver og eit hyggeleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak vere å
produsere, redigere og publisere innhald som video, foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker for sosiale medium og digitale kanalar jobbe med strategi og innhald til departementets og regjeringas sosiale medium delta i Kommunikasjonseiningas pressevaktordning jobbe med ekstern kommunikasjon og pressearbeid jobbe med intern kommunikasjon og intranettprodusere og publisere innhald for nettsider bidra i løpande oppgåverDu må rekne med noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid, og også noko reising i jobben. Vi ser etter deg som har høg grad av fleksibilitet og er villig til å ta på deg oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til Kommunikasjonseininga. Du må ha god kunnskap om sosiale medium og digitale kanalar, og kunne skrive godt på begge målformer og engelsk.
Kvalifikasjonar
Utdanning på minimum bachelornivå innan journalistikk, medieutdanning, samfunnsvitskap eller liknande. Minimum to års relevant erfaring med kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter, men også evne til å arbeide godt sjølvstendig. Evne til å arbeide strukturert og under tidspress med korte fristar. Høg grad av fleksibilitet og arbeidsvilje. Analytiske ferdigheiter og god vurderingsevne.Serviceinnstilt og profesjonell i jobben overfor politisk leiing og departementet.Vi ser etter ein lagspelar som tek initiativ og ansvar, og som er fleksibel og serviceinnstilt. Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetting til stillinga.
Vi tilbyr
lønn i stillingskode rådgivar, i lønnsspenn frå kr. 610 000 – 700 000fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for trening i arbeidstida kontor sentralt i Oslo sentrum, rett ved Stortinget t-banestopp. Vi har kantine, bibliotek og treningsrom i bygget gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasseAndre opplysningar
Vi ber deg leggje ved attester og vitnemål med karakterar når du søkjer. At du har søkt på stillinga kan bli offentleggjort. Dette gjeld sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekke søknaden.Den som blir tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA. Les meir om autorisasjon her:
https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/.BFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsinformasjon i samband med tilsettinga.Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kari Westersund. tlf.: [phone], e-post: Kari.Westersund@bfd.dep.no
BFD som arbeidsgivar
Som arbeidsgivar vil vi spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av bakgrunn. Vi skal sørge for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen