50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027

Rogaland fylkeskommuneØLENPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026
50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027

Ønskjer du ein meiningsfull og variert lærarjobb der du har høve til å gjere ein forskjell? Ølen vidaregåande skule, avdeling Sandeid fengsel, søkjer ein engasjert norsklærar til eit 50–80 % vikariat.

Hos oss møter du vaksne elevar med ulik bakgrunn, erfaring og skulefagleg nivå. Undervisninga omfattar både grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, og me har og mange minoritetsspråklege elevar. Det er derfor viktig at du evnar å tilpasse undervisninga til den enkelte eleven og ser moglegheiter for læring og utvikling på ulike nivå.

Me arbeider for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø der elevane opplever meistring, tilhøyrsle og utvikling. Som lærar hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, tett samarbeid og gode høve for fagleg utvikling.

Undervisninga går føre seg i Sandeid fengsel, og arbeidskvardagen er prega av små elevgrupper og tett individuell oppfølging. Hos oss får du høve til å bruke varierte undervisningsformer og tilpasse opplæringa til behova til elevane.

Krav til stillinga:

Relevant utdanning og undervisningskompetanse i norsk

Relevant undervisningserfaring er ein fordel

Godkjend pedagogisk utdanning

Godkjend utvida politiattest

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt

Det er ønskjeleg med kompetanse innan norsk som andrespråk og erfaring med minoritetsspråklege elevar

Me søkjer deg som:

Er ein tydeleg og trygg klasseleiar

Er god på tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagd undervisning

Er relasjonssterk og oppteken av å byggje tillit og gode relasjonar

Ser moglegheiter og har evne til å motivere elevar med ulike føresetnader

Har gode samarbeidsevner og bidreg aktivt i fagmiljøet

Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag

Me tilbyr:

Nasjonalt fagnettverk og samarbeid innan språk

Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

Gode høve for fagleg og pedagogisk utvikling

Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

Korleis søkje:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Om stillingen

50-80 % vikariat som norsklærar i Haugaland fengsel avd. Sandeid, skuleåret 2026/2027 Ønskjer du ein meiningsfull og variert lærarjobb der du har høve til å gjere ein forskjell? Ølen vidaregåande skule, avdeling Sandeid fengsel, søkjer ein engasjert norsklærar til eit 50–80 % vikariat. Hos oss møter du vaksne elevar med ulik bakgrunn, erfaring og skulefagleg nivå. Undervisninga omfattar både grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, og me har og mange minoritetsspråklege elevar. Det er derfor viktig at du evnar å tilpasse undervisninga til den enkelte eleven og ser moglegheiter for læring og utvikling på ulike nivå. Me arbeider for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø der elevane opplever meistring, tilhøyrsle og utvikling. Som lærar hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, tett samarbeid og gode høve for fagleg utvikling. Undervisninga går føre seg i Sandeid fengsel, og arbeidskvardagen er prega av små elevgrupper og tett individuell oppfølging. Hos oss får du høve til å bruke varierte undervisningsformer og tilpasse opplæringa til behova til elevane. Krav til stillinga: Relevant utdanning og undervisningskompetanse i norskRelevant undervisningserfaring er ein fordelGodkjend pedagogisk utdanning                             Godkjend utvida politiattestPersonlege eigenskapar vil bli tillagde stor vektDet er ønskjeleg med kompetanse innan norsk som andrespråk og erfaring med minoritetsspråklege elevarMe søkjer deg som: Er ein tydeleg og trygg klasseleiarEr god på tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagd undervisningEr relasjonssterk og oppteken av å byggje tillit og gode relasjonarSer moglegheiter og har evne til å motivere elevar med ulike føresetnaderHar gode samarbeidsevner og bidreg aktivt i fagmiljøetEr fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardagMe tilbyr: Nasjonalt fagnettverk og samarbeid innan språkVarierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåverGode høve for fagleg og pedagogisk utviklingTrivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljøGode pensjons- og forsikringsordningarLønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverkKorleis søkje Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto. CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov. Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen