Spesial-/sjukepleiar

Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse FørdeFØRDEPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026
Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027.

Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.

Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø.

Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege team

Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologi

Hos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde.

Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg.

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.

Arbeidsoppgåver

Behandling og pleie av barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.

Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn

Mottak av barn og unge

Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten

Opplæring/undervisning til pasient og pårørande

Omsorg og støtte til pårørande

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Vidareutdanning innan relevant spesialitet er ønskjeleg *)

Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert

Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert

Kunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel

*) Vi har særleg behov for kompetanse innan:

barnesjukepleie/pediatri

intensivsjukepleie

onkologisk sjukepleie

avansert klinisk nyfødtsjukepleie

Personlege eigenskapar

Nøyaktig og arbeidssam

Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling

Like varierte utfordringar

Gode kommunikasjonsevner

Samarbeidsvillig

Fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidstid

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Godt arbeidsmiljø

Spennande og varierte arbeidsoppgåver

Eit inkluderande og kompetent fagmiljø

Arbeid i nye og moderne lokale

Tett samarbeid mellom sengepost og poliklinikk

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) [phone]

Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Om stillingen

Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027.  Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år. Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø. Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege team Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologi Hos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg. Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat. Arbeidsoppgåver Behandling og pleie av barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barnMottak av barn og unge Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten Opplæring/undervisning til pasient og pårørandeOmsorg og støtte til pårørande Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiarVidareutdanning innan relevant spesialitet er ønskjeleg *)Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlegSøkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnlegErfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritertKunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel*) Vi har særleg behov for kompetanse innan: barnesjukepleie/pediatri intensivsjukepleie onkologisk sjukepleie avansert klinisk nyfødtsjukepleiePersonlege eigenskapar Nøyaktig og arbeidssamEr fagleg engasjert og ønskjer utviklingLike varierte utfordringarGode kommunikasjonsevnerSamarbeidsvilligFleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidstidVi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarGodt arbeidsmiljøSpennande og varierte arbeidsoppgåver Eit inkluderande og kompetent fagmiljøArbeid i nye og moderne lokaleTett samarbeid mellom sengepost og poliklinikk Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) [phone] Arbeidssted Svanehaugvegen 26812 Førde Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen