Vil du bli vår nye kollega i Yksnebjør barnehage?

Fjaler kommune Yksnebjør barnehageDALE I SUNNFJORDPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026<p>50 % mellombels stilling som fagarbeidar i barnehage. Du bidreg til barns tryggleik, leik og læring. Fagbrev eller relevant erfaring er ønskt. Gode norskkunnskapar krevd.</p>

Om stillingen

Yksnebjør barnehage har ledig 50 % mellombels stilling som fagarbeidar frå snarast og ut barnehageåret 2026/2027. Yksnebjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde og flott utsyn over Dalsfjorden. Vi har kort veg til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum, og nyttar nærmiljøet aktivt i kvardagen. Som fagarbeidar blir du ein viktig del av det daglege arbeidet på avdelinga. Du skal bidra til at barna opplever tryggleik, omsorg, leik, utvikling og meistring i kvardagen. Du vil samarbeide tett med pedagogisk leiar og dei andre medarbeidarane på avdelinga, og vere med på å skape eit godt leike- og læringsmiljø for barna. Arbeidsoppgåver Bidra til eit trygt, godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.Vere ein nær, trygg og omsorgsfull vaksen i samvær med barna.Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna.Sjå og møte barna sine behov.Samarbeide med pedagogisk leiar og dei andre medarbeidarane.Delta i samarbeid med føresette og aktuelle samarbeidsparta. Kvalifikasjonar Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget Søkjarar med relevant erfaring frå barnehage eller skule kan også søkje.Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar har godt samspel med både barn og vaksne.ser barna sine behov og skapar gode relasjonar.er ein trygg vaksen som set tydelege og gode rammer.er engasjert og deltek aktivt i barna sin leik og kvardag.samarbeider godt med andre.arbeider løysingsorientert i ein travel kvardag.bidreg til eit godt arbeidsmiljø og har godt humør.Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga. Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaerEin variert og meiningsfull arbeidskvardagMoglegheit til å vere med og utvikle barnehagetilbodetLøn etter sentralt løns- og stillingsregulativGode pensjons- og forsikringsordningar Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer å høyre meir om Yksnebjør barnehage som arbeidsplass. Vi håpar å høyre frå deg! Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarliste blir gjort offentleg.Link til søknadsskjema: Søk her

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen