Om stillingen
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt
engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for
sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling.
Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og
samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.
Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og
innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske
spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028
tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som
vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.
Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og
blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med
fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere
med på å forme tenestene for framtida.
Arbeidsoppgåver
Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personalPlanlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløpPlanlegge oppgåver og fordele ressursar Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretakDrive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjektKvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
Helsefagleg bakgrunnLeiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Føretrekte kvalifikasjonar
Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus Personlege eigenskapar
Du har gode organisatoriske og relasjonelle evnerDu er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktigDu har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksterntDu har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta Vi tilbyr
Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljøLønn etter avtaleGode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing Gode pensjons- og forsikringsordningarVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Laila Haugland, Avdelingssjef, [phone]
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 27.09.2026
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen