Tannlege

IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommuneULSETPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026660.000,-

Om stillingen

Åsane tannklinikk har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannlege. Oppstart snarast mogleg.  Åsane tannklinikk har til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Arbeidsoppgåver Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper.Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som tannlegeBehersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnlegGodkjend politiattestPersonlege eigenskapar Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus. Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø. Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre. Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre. Vi tilbyr Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrarEit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utviklingLøn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar, 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no Arbeidsstad Åsane Senter 525116 Ulset Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSluttdato: 31.08.2027Søknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen