Om stillingen
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar.
Lundenjordet består av 13 faste bustader og 1 avlastningsbustad for born.
No har me ledig ei nattevaktstilling i avlastninga for born kvar 4. helg, den som blir tilsett må kunne følgje oppsett turnus.
Me søkjer difor etter ein helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbidar til 14,08 % fast helgestilling på natt i avlastningsbustaden, med moglegheit for auking av stillingsstørrelse etterkvar som evnt. avlastning aukar.
Oppstart 14.12.26.
Stillinga let seg kombinere med andre stillingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand, pleie, stell og tilsyn av bornet gjennom heile nattaSkape ei trygg og god natt for bornetDokumentere i fagsystem Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
eller barne- og ungdomsarbeidarYnskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemmingYnskje om erfaring frå arbeid med born med utviklingshemmingFørarkort kl. BGod norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har gode kommunikasjons og samarbeidsevnerHar evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterollaEr fleksibel, strukturert og løysingsorientertVil halde deg fagleg oppdaterPersonlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
Godt og inkluderande arbeidsmiljøSpanande og omfattande faglege utfordringarLøn etter gjeldande avtale Kontaktinformasjon
Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +[phone], unni.oygarden@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Kviteseidgata 11A3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 14,08%FastSøknadsfrist: 27.09.2026
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen