Kunderådgjevar personmarknad

SpareBank 1 Sogn og FjordaneFLORØPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 23. sep. 2026<p>Kunderådgjevar innan bank skal gi råd om sparing, lån og forsikring, vidareutvikle kundeportefølje og bygge gode relasjonar. Relevant erfaring er ein fordel.</p>

Om stillingen

Vil du jobbe tett på kundane og vere ein rådgjevar som folk stolar på? Likar du å finne gode løysingar, skape relasjonar og hjelpe kundar til å få tryggleik og oversikt i økonomien sin? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke. No ser vi etter ein ny kollega til kontoret vårt i Florø. Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og byggjer relasjonar som varer. Du tek over ei etablert kundeportefølje, men dette er ikkje stillinga for deg som berre vil forvalte. Vi ønsker ein rådgjevar som ser moglegheiter, bygger relasjonar og bidreg til at endå fleire vel SpareBank 1 Sogn og Fjordane som banken sin. Dine hovudoppgåver vil vere: Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån og forsikring  Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen Kjenner du deg igjen i dette? Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i møtet med kundane. Samtidig trivst du med å ta initiativ, bygge nettverk og skape nye moglegheiter. Du likar å vere ute blant kundane og ser verdien av å utvikle både relasjonar og forretning over tid. Vi trur du har erfaring frå bank, finans, forsikring eller anna relevant rådgjeving. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare. Kvifor skal du søkje hos oss? Her får du eit arbeidsmiljø der folk trivst, støttar kvarandre og tek vare på både kundar og kollegaer. Det er korte vegar til avgjerder, og vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling. Vi ønsker at du skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, med fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august. Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettbetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter. Gode ordningar, støttande kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver gjer at mange trivst og blir verande hos oss lenge. Om du lurer på noko eller ønskjer å vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med banksjef Ole Aukland. Arbeidsstad: Florø Søknadsfrist: 23. september Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette. Søkjarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen