System- og applikasjonsforvaltar

IKT Systemdrift, Vestland fylkeskommuneLEIKANGERPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026<p>Stillingen som system- og applikasjonsforvaltar inneber drift og forvaltning av digitale system, teknisk koordinering ved val og fokus på sikkerheit. Krever teknisk forståing og lyst til utvikling.</p>

Om stillingen

Vil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld? Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT-miljø med digitale tenester som kvar dag skal fungere for over 32 000 brukarar. No ser vi etter ein system- og applikasjonsforvaltar som vil vere med og sikre stabile, trygge og framtidsretta løysingar for heile fylkeskommunen. Ei viktig oppgåve blir også å bidra i fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval, der du får eit ansvar inn i koordinering av tekniske løysingar som klientar, skannarar, nettverk, brannmur, brukarar etc., med høgt fokus på IKT-sikkerheit. Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Vi er om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar, og arbeider tett saman på tvers av faggrupper og fagteam for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om våre brukarar. Du treng ikkje kunne alt. Dersom noko av det vi skildrar treff deg, og du har lyst til å lære og utvikle deg vidare, vil vi gjerne høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Som system- og applikasjonsforvaltar vil du mellom anna: jobbe tett på sentrale system, applikasjonar og fellestenester i samarbeid med leverandørar og produkteigarardrifte og forvalte sentrale printløysingaransvar inn i  den tekniske koordineringa av fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsvalarbeide med identitets- og brukarforvaltning i eit stort og komplekst miljø, mellom anna med FINT (Felles Fylkeskommunale INTegrasjonar) som integrasjonsnavbidra i innføring, vidareutvikling og utfasing av systemsjå etter moglegheiter for automatisering og effektivisering2-linje support ved behovArbeidskvardagen vil vere variert, med både dagleg drift og oppgåver knytt til utvikling og forbetring av tenestene våre. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har teknisk forståing, interesse for systemforvaltning og lyst til å ta ansvar for viktige digitale tenester. Du har: Fagbrev i IKT-fag eller høgareOg har gjerne: erfaring med printløysingar frå større driftsmiljø eller liknandeerfaring med drift og forvaltning av applikasjonar- /systemer både OnPrem og i Skyløsninger.erfaring med identitets- og brukarhandtering i store miljøerfaring med automatisering og skripting, til dømes i PowerShellkjennskap til Infrastructure as Code (IaC), versjonskontroll, CI/CD-pipelines og moderne DevOps-prinsippDet er ein fordel om du har erfaring med koordinering av tekniske løysingar i større settinger, der det er høge krav til stabilitet og sikkerheit. Erfaring med valrelaterte system er interessant, men ikkje eit krav. Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare. Personlege eigenskapar Vi er på jakt etter deg som: er strukturert og likar å ha oversikttek ansvar og følgjer opp oppgåver heilt i måler løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetringtrivst med å jobbe sjølvstendig, men også godt saman med andrekommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske kollegaerhåndterer stressituasjoner greit og held roen når det oppstår feil eller uventa situasjonarønskjer å dele kompetanse og lære av andrehar god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevneVi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen. Vi tilbyr Hos oss får du: eit stort og kompetent IKT-miljø med dyktige og engasjerte kollegaerei sentral rolle i drift og forvaltning av digitale tenester for over 32 000 brukararvarierte og fagleg interessante arbeidsoppgåvermoglegheit til å jobbe med både teknologi, drift, forvaltning og utviklinggode moglegheiter for fagleg utviklinggode pensjons- og forsikringsordningarløn etter avtalefleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFKarbeidsstad i LeikangerVi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa. Seksjon IKT har høg trivsel, og vi legg vekt på både fagleg og sosialt fellesskap. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar. Vi har også årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene. Vil du vere med og sikre at sentrale digitale system fungerer – både i kvardagen og når det verkeleg gjeld? Då gler vi oss til å høyre frå deg! Kontaktinformasjon Øyvind Daae Johansen, leiar, 91730197 Arbeidsstad Askedalen 26863 Leikanger Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen