Om stillingen
Vil du bli journalist? Og skrive nynorsk? Då kan vi tilby opplæring med lønn. Og eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar og utfordrande journalistisk arbeid.
Hva vi ser etter
Du har
Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist.
Samfunnsinteresse og -engasjement.
Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo.
Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
Førarkort klasse B.
Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn.
Legg attestar og vitnemål ved søknaden, og skriv gjerne nokre ord om kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist. Det er på grunnlag av dette vi kallar inn til intervju.
Arbeidsoppgaver
Som journalistpraktikant i Nynorsk avissenter får du jobbe i landets største nynorskavis, Firda.
Du vil få opplæring, ein del teori, men mest praktisk. Alt du skriv vil bli publisert i Firda.
Du vil jobbe som journalist, og får prøve deg på alt frå nyhende og deskjobbing til reportasjar, portrett og video.
Vi tilbyr
Hos oss får du eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk
Til hausten tilbyr vi plass for fem praktikantar i kull 28 som får ei praktisk retta opplæring på seks månader.
Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 4. januar 2027. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon i mai og juni.
Du får:
Førelesingar i språk, foto, presseetikk og journalistisk metode
Rettleiing frå erfarne journalistar, og praktisk trening i redaksjonsmiljø med høg digital kompetanse.
Du får innføring i m.a. video, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk og datastøtta journalistikk.
Løn i heile opplæringstida.
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen