Om stillingen
Kort om stillinga
Kvernhusmyrane bufellesskap søkjer to engasjerte og motiverte medarbeidar i 100 % faste stillingar!
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Bustaden er døgnbemanna, og vi arbeider for å gje tenester av høg kvalitet og ein best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Stillinga inneber arbeid kvar fjerde helg, med kortvakt fredag og langvakter på 12,5 timar laurdag og sundag.
Arbeidsoppgåver
Direkte miljøarbeid og bidra til at tenestemottakarane får ein trygg, meiningsfull og føreseieleg kvardag.Gje individuell oppfølging og rettleiing i tråd med behov, mål og vedtak.Handtere og dokumentere legemiddel i samsvar med gjeldande rutinar og regelverk.Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og pasient- og brukarrettslova kapittel 4.Utføre praktiske gjeremål i bustadenDokumentere tiltak, observasjonar og oppfølging i fagsystemet Profil.Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar.Bidra til eit godt omdømme gjennom respektfull kommunikasjon, god service og tenester av høg kvalitet til tenestemottakarane.Kompetanse
Autorisasjon som helsefagarbeidarFørarkort klasse BGod norsk skriftleg og munnleg formidlingsevneGode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøyØnska kompetanse
Kurs i legemiddelhandtering er ein føremonKjennskap til autisme og teikn til tale er ønskjelegRelevant erfaring med åtferd som utfordrarPraktisk erfaring med målretta miljøarbeidErfaring frå arbeid med den aktuelle brukargruppa er ønskjelegKven er du?
Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tidDu er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under pressDu har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbyggingDu kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar Du er fleksibel og løysingsorientertVi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljøÅrsturnus Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk:
Helsefagarbeidar: kr. [phone]Gratis parkeringGod pensjonsordning i KLPPolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved oppstart.
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen