Om stillingen
Vil du vere med og gjere ein forskjell for born og unge i Bjørnafjorden kommune? Vi søkjer ein fagleg engasjert og kreativ fysioterapeut til ergo- og fysioterapitenesta vår for born og unge!
Stillinga er 100 % fast og er for tida knytt til arbeid med born og unge på Os-sida av kommunen. Du får arbeidsstad med kontor, treningssal, behandlingsrom og terapibasseng på Luranetunet, Solstrandsvegen 39.
Borneteamet vårt er organisert under avdelinga Helsefremming og rehabilitering, saman med ergo- og fysioterapeutar som arbeider med vaksne og eldre, bassengansvarleg, servicemedarbeidarar for tekniske hjelpemiddel, kartleggingsteam og kvardagsrehabilitering. Vi er eit fagleg engasjert team som legg vekt på samarbeid, utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad
Luranetunet bu- og behandlingssenter
Arbeidsoppgåver
Førebyggjande og behandlande tiltak på helsestasjonenHabilitering, trening og oppfølging av born med ulike funksjonsvariasjonarUndersøking, vurdering og behandling av born med ulike problemstillingar knytt til motorisk utvikling og/eller muskel- og skjelettapparatetNært samarbeid med ergoterapeut for born og ungeVurdering, formidling og tilpassing av ulike hjelpemiddelGruppetrening i bassengSamarbeid med foreldre, helsestasjon, barnehagar, skular, PPT, lege og andre samarbeidspartnararKoordinatoroppgåver og arbeid knytt til individuell planKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som fysioterapeutUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandetErfaring, kurs og/eller vidareutdanning innan barnefysioterapi er ein fordelFørarkort klasse BGod IKT-kompetanseGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskVi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Du er god på å byggje relasjonar med born og ungeDu er fagleg engasjert, kreativ og ønskjer å gjere ein forskjell for born og ungeDu har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege teamDu er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljøDu arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig, i tråd med nasjonale faglege retningslinjer og kunnskapsbaserte metodarPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling Eit høgt kvalifisert fagmiljø Godt arbeidsmiljø og gode arbeidslokaleFleksibel arbeidstid God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenBjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen