Helsefagarbeidar

Hareid kommune, skjerma eining og bu- og korttidseiningaHAREIDPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 25. sep. 2026<p>Faste stillingar for helsefagarbeidar på bu- og korttidseining og skjerma eining. Arbeidsoppgåver inkluderer pleie, omsorg og kvalitetsarbeid.</p>

Om stillingen

Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden. Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar. Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet Arbeidsoppgåver sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtakpleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheimta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMSbruke velferdsteknologi i dagleg arbeiddelta i kvalitetsutvikling av eininganeKvalifikasjonar Du har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiarkan medikamenthandteringmeistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologimå kunne arbeide turnus beherskar norsk godt, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne. For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka Vi tilbyr ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskapspennande faglege utfordringarkurs gjennom Visma og NHIforsikring- og pensjonsordning gjennom KLPfunksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på nattKontaktinformasjon Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +[phone] Arbeidsstad Teigevegen 556060 HAREID Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 25.09.2026

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen