Vil du vere med og skape trygge fellesskap for born og unge på Voss?

KFUK-KFUM NORGEVOSSPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 17. sep. 2026<p>Dagleg leiar skal ha ansvar for drift, utvikling og aktivitetar for born og unge. Jobben krev koordinering, administrasjon, relasjonsbygging og relevant erfaring.</p>

Om stillingen

KFUK-KFUM Voss søkjer dagleg leiar i 100 prosent stilling. Vi ynskjer oss ein person som kan kombinere overordna ansvar for drift og utvikling med ansvar for aktivitetar og miljø for born og unge. Det skjer i Vonheim, huset vårt, midt i sentrum av Vossevangen. Dette er ei stilling for deg som trivst med å skape aktivitet og relasjonar i møte med menneske, og som kan ta ansvar for koordinering, drift og vidare utvikling av arbeidsgreiner og fellesskap. Om stillinga Utvikling og gjennomføring av aktivitetar og møteplassar for barn og unge er ein viktig del av arbeidet. Dette inneber både praktisk tilrettelegging, relasjonsbygging og oppfølging av frivillige og deltakarar. Vi har lange Ten-Sing tradisjonar, der ungdomsarbeidet omfattar både musikk og andre aktivitetar. Barne-og familiearbeid i Supertysdag har dei siste åra vore i vekst. Som dagleg leiar får du også ansvar for den samla drifta av KFUK-KFUM Voss. Dette omfattar mellom anna: planlegging, koordinering og administrasjonøkonomioppfølging og søknadsarbeidsamarbeid med styret, frivillige og eksterne samarbeidspartnararoverordna ansvar for arbeidet knytt til Vonheim open barnehageansvar for aktivitetar og møteplassar for barn, unge og familiarDette er ei stilling for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, og som samtidig ønskjer å skape relasjonar og samarbeid på tvers av frivillige og samarbeidspartnarar. Nokre administrative og økonomiske oppgåver blir i dag løyste i samarbeid med frivillige ressursar, men oppgåvefordelinga kan endre seg over tid. Noko arbeid på ettermiddag, kveld og helg må påreknast. Omfanget er om lag to kveldar i veka og éi helg i månaden, men det kan variere noko gjennom året. Arbeid og aktivitetar vil i hovudsak fylgje rytmen i skuleåret. Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for barn og ungetrivst både med praktisk arbeid og administrative oppgåverer sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeidehar relevant utdanning og/eller relevant arbeidserfaringhar evne til å byggje relasjonar og skape aktivitet saman med andreVi ynskjer at du har erfaring frå barne- og ungdomsarbeid, organisasjonsarbeid, leiing, kulturarbeid, kyrkjeleg arbeid eller liknande. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Vi tilbyr ein meiningsfull og variert jobbmoglegheit til å påverke og utvikle arbeidet vidareeit engasjert og støttande miljø av frivillige og samarbeidspartnararlønn i samsvar med tariffavtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningarPraktisk informasjon Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må kunne arbeide lojalt i tråd med formålet, verdigrunnlaget og profilen til KFUK-KFUM Norge. Vi ønskjer primært å tilsetje éin person i ei samla 100 prosent stilling. Samstundes opnar vi for å vurdere søkjarar som er interesserte i anten den administrative og leiande delen av stillinga, eller den operative delen knytt til aktivitetar og miljøarbeid. Dersom slik deling er aktuelt for deg, ber vi om at du presiserer dette i søknaden. Søknadsfrist: 17. september. Tiltreding så snart som mogeleg, eller etter avtale. Du er velkommen til å ta kontakt med styreleiar i KFUK-KFUM Voss Gunvor Sønnesyn eller områdeleiar Kristin Engeberg dersom du har spørsmål. KFUK-KFUM ynskjer å spegle mangfaldet av barn og unge som vi arbeider med og for. Vi ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Mangfald er ein ressurs vi vil bruke i alle ledd i organisasjonen vår. Vi oppmodar dei som er kvalifiserte til å søkje. Om bedriften KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for at barn og unge skal få leve og utvikle seg som heile menneske, med ånd, sjel og kropp. På Voss arbeider vi for å skape inkluderande møteplassar prega av fellesskap og meistring, innan og på tvers av aldersgrupper. Arbeidet vårt skjer i nært samarbeid med frivillige, kyrkjelyden i Vangskyrkja og andre aktørar i nærmiljøet. Sektor Privat Nettsted https://kfuk-kfum.no/

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen