Om stillingen
Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026.
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Arbeidsoppgåver
Administrere ventelister
Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid
Registrering i vårt datasystem Helseplattformen
IKAP prosedyrar
Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv
Kontroll på styringsinformasjon
Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikkenKvalifikasjonar
Erfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring
Erfaring som pasientkoordinator
Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar
Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus
Du har gode datakunnskapar
Efaring med Helseplattformen
Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norskPersonlege eigenskapar
Du har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande
Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver
Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver
Du har gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetingVi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Ingvill.Hareide@helse-mr.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
http://www.helse-mr.no/
Sist oppdatert 05. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen