Vi ser etter ein erfaren full-stack-utviklar som vil vere med oss å byggje framtidas løysingar innan fysisk sikkerheit

Fortloq ASFØRDEPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 07. okt. 2026<p>Full-stack utviklerstilling der du jobber med både backend og frontend i et lite, dedikert team. Du får mye ansvar, påvirkning og bygger robuste løsninger.</p>

Om stillingen

Dei kommande åra skal FORTLOQ setje ein ny standard innan fysisk sikkerheit! -og målet vårt er tydeleg: Vi skal utvikle marknadens beste plattform, og dette skal vi gjere ved å utfordre etablerte løysingar, tenkje nytt og utvikle teknologi som faktisk løyser utfordringane kundane våre står i -- enklare, smartare og meir effektivt enn i dag. På kort tid har FORTLOQ gått frå idé til eit produkt som allereie er i bruk hos kundar. For oss er det ingen tvil: Vi skal lukkast, og vi treng fleire dyktige utviklarar på laget! FORTLOQ er søsterselskapet til PocketID, og selskapa har i dag eit tett samarbeid og eit felles utviklingsmiljø. Som ein del av teamet vårt vil du difor bidra inn i begge selskapa, slik dei andre tilsette også gjer. Hovudfokuset ditt vil vere FORTLOQ, men kompetanse og utviklingsressursar deler vi på tvers når det gir meining. Kva blir di rolle? Du blir ein del av utviklingsteamet vårt, med Tech Lead i spissen. Hos oss jobbar du full-stack i éin felles kodebase. Du utviklar både backend og frontend, og ein viktig del av arbeidet handlar om å utvikle robuste integrasjonar mot mellom anna adgangskontrollsystem, Azure AD og andre eksterne tenester gjennom API-ar. Som person er du nysgjerrig, sjølvstendig og trivst med å ta ansvar. Du likar å forstå heilskapen, utfordrar etablerte løysingar og er ikkje redd for å stille spørsmålet: Kan dette gjerast enklare og betre for brukar? Dette er ikkje ei stilling der du berre får tildelt oppgåver. Hos oss er du med på å forme produktet. Vi både håpar og forventar at du tek eigarskap til eigne ansvarsområde, kjem med forslag til forbetringar og bidreg til dei tekniske vala som formar plattforma vidare. Vi har korte avgjerdsvegar, lite byråkrati og stor tillit til kvarandre. Har du ein god idé, vil vi gjerne høyre han. Kanskje har du .... jobba i ein tidleg statup eller i andre miljø som endrar seg raskt? Du er gjerne van med å bygge produkt frå grunnen av, og likar å få være med frå første skisse? Dette er ikkje noko vi set som krav, men det er gjerne ein fordel om du skal trivast godt hos oss. I alle høve ser vi for oss at du likar å få gjort ting og at du brenn for å levere produkt av høg kvalitet. I tillegg ser vi for oss at du: Du har minst fem års praktisk erfaring som utviklar. Er teknisk dyktig og trivst med både frontend- og backend-utvikling Du trivst med API-ar, integrasjonar og system som skal spele godt saman. Du tek eigarskap til løysingar og set deg raskt inn i eksisterande kode. Har ei produktfokusert tilnærming og byggjer løysingar som er robuste, skalerbare og enkle å bruke Kva kan du forvente hos oss? Du blir ein del av eit lite og dedikert gründerteam som brenn for å utvikle morgondagens løysingar. Her er det kort veg frå idé til gjennomføring, og du får moglegheita til å setje eit tydeleg avtrykk på både produktet og selskapet. Vi diskuterer løysingar undervegs, tek avgjerder raskt og har korte linjer frå idé til testing når vi meiner det er rett veg å gå. Vi utfordrar kvarandre, lyttar til gode innspel og er opptekne av å ta gode avgjerder -- ikkje nødvendigvis dei raskaste. Hos oss får du: stor påverknad på produkt, arkitektur og tekniske val korte avgjerdsvegar og høg grad av tillit moglegheit til å følgje løysingar frå idé til produksjon ein fleksibel arbeidskvardag bli ein del av eit lite, dedikert team med høge ambisjonar og stort engasjement. Vi har hovudkontor på Reed i Breim. Kanskje bur du i området? Kanskje sit du ein annan stad i landet og har lyst til å flytte til regionen? Vi ser for oss at du anten får kontorstad Førde eller Breim. Det viktigaste for oss er ikkje kvar du sit.-Det viktigaste er at du ønskjer å vere med å byggje noko du kan vere stolt av -- saman med oss- og at du er innstillt på være med å bygge både selskap og kultur! Høyrest dette interessant ut? Vi veit at dei beste utviklarane ofte ikkje aktivt leitar etter ny jobb. Det vil ikkje du gjere heller når du har begynt hos oss! Ta kontakt for ein uforpliktande prat om både stillinga, teknologien og planane våre vidare. Om bedriften FORTLOQer eit teknologiselskap med hovudkontor på Reed i Breim. Vi utviklar ein skybasert plattform for fysisk sikkerheit i næringsbygg og kritisk infrastruktur -- med mål om å gjere sikkerheit enklare, smartare og meir automatisert. Vi trur ikkje framtidas løysingar handlar om fleire system. Dei handlar om å få eksisterande system til å spele betre saman. Difor utviklar vi teknologi som automatiserer manuelle prosessar, skaper betre oversikt og gir kundane større kontroll over den fysiske sikkerheita si. Selskapet er bygd av eit engasjert gründerteam med høge ambisjonar og korte avgjerdsvegar. Hos oss blir gode idear lytta til, og vegen frå tanke til handling er kort. Vi trur på eigarskap, fagleg nysgjerrigheit og tett samarbeid-- og vi meiner dei beste løysingane blir skapte av flinke menneske som utfordrar kvarandre. På kort tid har FORTLOQgått frå idé til eit produkt som allereie er i bruk hos kundar. I 2026 vart selskapet tildelt Drivkraftstipendet på 500.000 kroner -- ei anerkjenning av både teknologien, potensialet og arbeidet som blir lagt ned kvar dag. Sektor Privat Nettsted https://fortloq.no/

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen