Helsefagarbeider ved Ørskog heimeteneste

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommuneØRSKOGPublisert 04. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026<p>Midlertidig 100 % stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta med dag- og kveldsarbeid. Fagbrev, førarkort og gode norskkunnskapar er krav.</p>

Om stillingen

I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % midlertidig stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Tiltreding frå snarast og ut februar. Kan bli muligheter for fast tilsetting. Vi har også behov for tilkallingsvikarer.Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter.  Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv. Arbeidsoppgåver Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer. Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen). Legemiddelhandtering. Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar. Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.Kvalifikasjonar Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider) Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Førerkort klasse B Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagtVi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Et støttende og engasjert kollegialt miljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedriftKontaktinformasjon Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, [phone], maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, [phone], linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no Arbeidsstad Steinholtvegen 66240 Ørskog Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSluttdato: 28.02.2027Søknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen