Om stillingen
Med utgangspunkt i eit ønske om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd førebygging og meistring. I tillegg til seniorsenter inneheld verksemda dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, støttekontaktteneste, ergo- og fysioterapiteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.
Stillinga er per tida knytt til Klipra seniorsenter.
Seniorsenteret er ein møteplass for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Senteret har både eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen og eit dagtilbod med vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand.
Per i dag inneber stillinga dagarbeid.
Arbeidsoppgåver
Bidra til å utvikle seniorsenteret vidare slik at det kan fortsette å vere ein attraktiv plass å vere for seniorarArrangere og leie aktivitetar, som f.eks. trim på senteretIvareta både dagbrukarar og besøkande på seniorsenteret og sørge for at alle som er innom får ein god dag Målretta miljøarbeid og tilrettelegging overfor både enkeltbrukar og gruppeKvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som aktivitør eller helsefagarbeiderGrunnleggande dataferdigheiterFørarkort klasse BGode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådet sin nivåskala (CERF)Det er ei forutsetning at den som blir tilsett kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).Det er også krav at personlig BankID eller IDporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov.Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positivDu må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og vere glad i utfordringarDu må ha gode samarbeidsevner samstundes som du også må kunne arbeide sjølvstendigDu har interesse for aktivitet og aktiviseringDu må vere personleg eignaVi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer og ei god atmosfæreEin arbeidsplass som verdset kommunen sine verdiar: open, engasjert og modigLønn etter gjeldande avtaleverkPensjonsrettigheiter i KLPKontaktinformasjon
Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, [phone], solveig.kiperberg.viddal@alesund.kommune.noCamilla Almås, Verksemdsleiar, [phone]
Arbeidsstad
Fjellgata 426003 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastStartdato: 24.11.2026Søknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen