Fysioterapeut

Sogndal kommune Fysio-, ergoterapi og frisklivLEIKANGERPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026<p>100% vikariat som fysioterapeut med ansvar for gruppetimar, behandling og rehabilitering av vaksne og eldre. Krav om offentleg godkjenning og førarkort klasse B.</p>

Om stillingen

Det er ledig 100% vikariat som fysioterapeut frå dags dato til 20.4.27 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.   Arbeidsoppgåver:  I stillinga treng me nokon som er trygg på å leie gruppetimar, gjerne både i sal og basseng.   Stillinga er også retta mot behandling og rehabilitering av vaksne og eldre personar på helsesenteret, heime og i institusjon.   Helsesamtalar og andre oppgåver gjennom frisklivssentralen kan bli aktuelt.   Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.  Sentrale ansvarsområde:  Leiing av gruppetimar  Sjølvstendig arbeid med pasientar og frisklivsdeltakarar.   Samarbeid med kollega og andre faggrupper  Kvalifikasjonar:  Offentleg godkjent fysioterapeut.  Godkjend politiattest  Du må vere trygg på å leie gruppetimar.   Erfaring frå kommunehelsetenesta, førebyggjande arbeid og pasientbehandling er ønskjeleg.  Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel  Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting  Personlege eigenskapar:  God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid  Evne til å motivere og skape engasjement  God rolleforståing og arbeidskapasitet  Fleksibel og løysningsorientert  Påliteleg og lojal  Gjennomføringsevne  Utviklingsorientert  God kommunikasjonsevne  Systematisk og strukturert  Gode sosiale eigenskapar  Me tilbyr:  Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.  Gode pensjons- og forsikringsordningar  Gode velferdsordningar  Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.  Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.   Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.   Link til søknadsskjema: Søk her

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen