Om stillingen
Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider.Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode norskkunnskapar, som er trygge i rolla si og motivert for å gjere ein forskjell. Du må kunne ivareta brukarane våre på ein fagleg og omsorgsfull måte, og bidra til tenester av høg kvalitet. Gode samarbeidsevner, arbeidskapasitet, samt ei løysingsorientert og nytenkjande tilnærming er viktige eigenskapar. Heimebaserte tenester er ei døgnkontinuerleg teneste for personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.
Arbeidsoppgåver
stelle/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vaktgi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, i tillegg til praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimerlage til måltid og syte for god ernæringadministrere medikament etter kompetansesørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførtejobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjerdokumentere i vårt dokumentasjonssystem GericaDu har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonar
sjukepleiar/vernepleiarhelsefagarbeidarmiljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorgstudent i relevante helsefag
Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
evne til å arbeide både sjølvstendig og i teamhar tydelege, gode etiske og faglege haldningarer positiv, har godt humør, viser engasjement og interesse for fagområdet, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljøarbeider strukturert og ryddighar gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
eit positivt og inkluderande arbeidsmiljødyktige kollegaer med sterk fagleg kompetanse og engasjementein arbeidsplass som prioriterer fagutvikling, kompetanseheving og etisk refleksjonengasjerte og trivelege medarbeidarar som bidreg til ein betre kvardag for brukarane våreein arbeidsfellesskap der vi har fokus på å løfte kvarandre og spela kvarandre godeløn etter gjeldande avtalarAlle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 15%VikarSøknadsfrist: 30.09.2026
Sist oppdatert 04. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen