Nattevakt i Lindevika buteneste

AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERNSTOREBØPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 24. sep. 2026<p>80% nattevakt og helgestillingar i miljøarbeidartenesta med ansvar for støtte og aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne. Relevant fagbrev og førarkort kreves.</p>

Om stillingen

Om arbeidsstaden Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å tilby fagleg forsvarlege og individuelt tilpassa tenester, slik at kvar enkelt kan oppleve ein trygg, meiningsfull og innhaldsrik kvardag. Miljøarbeidartenesta yter praktisk bistand, opplæring og helsetenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenesta er organisert i fleire tilbodsområde: bufellesskap med døgnbemanningavlastingsbustad for barn og ungeomsorgsbustader for vaksne, knytt til avlastingsbustadenambulerande tenester til heimebuande med nedsett funksjonsevneVisste du dette? Bur du i Austevoll, kan du få sletta delar av studiegjelda di. Frå januar 2026 kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Om stillinga Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning og ambulerande tenester, der målet er å skape trygge, meiningsfulle og gode dagar for dei som mottar tenester. Vi har no ledig 80% nattevaktstilling. I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent, som eignar seg godt for studentar eller deg som ønsker fleksibilitet. Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du både jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil vere med å legge til rette for meistring, utvikling og livskvalitet – og samtidig få høve til å utvikle deg fagleg. Vi tilbyr årsturnus med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidstid, og fleksible løysingar med både langvakter og ordinære vakter. Ansvars- og arbeidsoppgåver vil variere ut frå kompetanse, erfaring og delegert ansvar, og omfattar mellom anna: Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevneVere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltakingPlanlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behovBidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanarSikre at tenestemottakarane får fagleg forsvarlege tenester i samsvar med vedtakDelta i dokumentasjon og oppfølging i fagsystemUtarbeide og halde ved like tiltaksplanarMedverke til god struktur, kvalitet og utvikling i tenesteneSamarbeide tett med kollegaer, fagpersonar, pårørande og andre samarbeidspartnararBidra til god koordinering av tenester rundt den enkelte tenestemottakarMedisinhandtering og - administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjonDelta i rettleiing av kollegaer, studentar, elevar og lærlingar Medverke til eit ope, inkluderande og positivt arbeidsmiljø, og bidra til vidare utvikling av tenesteneKvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav Fagbrev som helsefagarbeidar God digital kompetanseFørarkort klasse BGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegDu må vise gyldig politiattest ved tilsettingPersonlege eigenskapar Du er trygg, omsorgsfull og viser respekt i møte med tenestemottakarar, pårørande og kollegaerDu har gode samarbeidsevner og evnar å bygge tillit og gode relasjonarDu er tålmodig, fleksibel og handterer endringar på ein roleg og løysingsorientert måteDu er engasjert, fagleg interessert og tar ansvar for eigne oppgåver og utviklingDu bidrar aktivt til eit positivt, inkluderande og trygt arbeidsmiljøVi tilbyr Gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit positivt og kompetent fagmiljøVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med spanande utfordringarLøn etter kvalifikasjonarTurnustillegg der det er aktueltÅrsturnus med moglegheit for å påverke eigen arbeidstidGode pensjons- og forsikringsordningarSlik søker du på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen