Om stillingen
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen.
Om stillinga
Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.
Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innan habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
Relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag på bachelornivåAutorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller anna relevant profesjonErfaring frå helse- og omsorgstenester, habilitering eller miljøarbeidErfaring med personalleiing, turnus og drift er ønskjelegGod kjennskap til relevant lovverk og faglege føringarGode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegFørarkort klasse BLeiarutdanning er ønskjeleg. Søkarar med relevant erfaring og personlege eigenskapar kan også bli vurderte.Personlege eigenskapar
Trygg, tydeleg og tillitsskapande leiarStrukturert og god til å prioritere i ein travel kvardagGode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonarEngasjert i fagutvikling, kvalitet og gode tenesterEvne til å motivere, rettleie og utvikle medarbeidararHandterer komplekse situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måteRespekt for sjølvbestemming, medverknad og den enkelte sin integritetBidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og robuste fagmiljøPersonlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr
Gode pensjons og forsikringsordninger Ein arbeidsplass med gode rammebetingelser og store muligheter for å bidra til utvikling av tenestene, arbeidsmiljø og kulturMulighet for fagleg utviklingEngasjerte og gode kollegaer i leiargruppa Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen