Om stillingen
Foreldrepermisjonsvikariat ved Valdres montessoriskule
1. desember 2026 til 1. desember 2027
Valdres montessoriskule ligg i Ulnes og har elevar frå heile Valdres. Skulen legg vekt på å gi elevane eit godt og variert opplæringstilbod. Gjennom montessoripedagogikken legg vi til rette for læring for alle elevar, stimulerer lærelysta hos kvar enkelt og byggjer motivasjon og tru på eigne evner.
Vi er opptekne av å førebyggje utanforskap og skape eit inkluderande og trygt skulemiljø som fremjar læring, trivsel og god helse.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og oppfølging av elevar
Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
Samarbeid med kollegaer og føresette
Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Lærarutdanning eller annan relevant pedagogisk utdanning
Undervisningskompetanse i norsk (60 studiepoeng) er ynskeleg
Kompetanse i eller erfaring med montessoripedagogikk er ein fordel
Anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert dersom det ikkje melder seg kandidatar med ønskt kompetanse
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Har god arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
Tek ansvar og viser initiativ
Er glad i å arbeide med barn og ungdom, og ser den enkelte elev
Utøver trygg og tydeleg klasseleiing
Byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
Har gode samarbeidsevner og er fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
Vikariat i 50-100 % stilling i perioden 1. desember 2026 til 1. desember 2027
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Eit positivt og støttande arbeidsmiljø
Engasjerte, interesserte og motiverte elevar
Løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande avtaleverk
Oppstart
1. desember 2026
Tilkallingsvikarar
Vi er òg alltid på jakt etter gode tilkallingsvikarar. Ta gjerne kontakt dersom dette kan vere aktuelt for deg.
Søknad
Søknad med CV sendast til: silje.austdahl@valdresmontessori.no
Spørsmål om stillinga
Kontakt dagleg leiar Silje Austdahl
Telefon: [phone]
E-post: silje.austdahl@valdresmontessori.no
Søknadsfrist
Snarast
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen