Modellutviklar innanfor makroøkonomi

Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyråOSLOPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 05. okt. 2026<p>Fast stilling som modellutviklar innan makroøkonomi. Arbeidet inneber utvikling av teknisk infrastruktur, dataflyt og analyse. Mastergrad og programmering krevest.</p>

Om stillingen

Vil du vera med å talfeste korleis norsk økonomi fungerer? Forskinga vår bidreg til å danne grunnlaget for økonomisk politikk i departementa og er viktig for samfunnsdebatten. Ei særleg viktig oppgåve for forskingsavdelinga i SSB er utvikling, vedlikehald og bruk av økonomiske modellar i forsking og analyse. Modellane blir finansierte i hovudsak av Finansdepartementet og dekkjer fagområda makroøkonomi, offentlege finansar på lang sikt, skatt, arbeidsmarknad, befolkningsframskrivingar og miljøøkonomi. Både modellane og SSB sine analysar vert brukte av Regjeringa, sentralforvaltninga og partane i arbeidslivet i deira planleggingsarbeid.I forskingsavdelinga, gruppe for makroøkonomi, er det ledig ei fast stilling som modellutviklar. Stillinga inneber blant anna å modernisera infrastrukturen som ligg til grunn for makromodellane. Du vil bli ein del av eit breitt teknologimiljø i SSB og samarbeide med utviklarar og andre tekniske fagmiljø på tvers av organisasjonen. Eit viktig ansvar vil vere å utvikle robuste og godt dokumenterte løysingar for dataflyt, modellkøyring og analyseproduksjon. Stillinga vil òg knytast opp til aktuelle analyseprosjekt. Hos oss får du vera med å vidareutvikla den tekniske infrastrukturen rundt dei makroøkonomiske modellanesikre best mogleg datagrunnlag for modellane, blant anna gjennom djup innsikt i nasjonalrekneskapenanalysar av makroøkonomiske problemstillingardokumentera og standardisera system og arbeidsprosessar slik at løysingane er etterprøvbare, vedlikehaldbare og enkle å vidareutvikle Kva kompetanse er nødvendig? Høgare utdanning på mastergradsnivå. Aktuelle fagområde er informatikk, økonomi og statistikk.Erfaring med programmering (til dømes Python, Matlab og EViews).Evne til raskt å setje deg inn i komplekse system og nye verktøy.Interesse for makroøkonomi og tekniske sider ved modellbasert forsking.God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk. Kven er du? Du er strukturert og har svært gode analytiske evner.Du er kreativ og løysningsorientert.Du er sjølvstendig og fleksibel.Du har gode samarbeidsevner.Du blir motivert av SSB sitt samfunnsoppdrag. Kvifor skal du velja oss? Hos oss vil du vere ein del av eit solid fagleg miljø med moglegheiter for eigenutvikling. Me er ein kunnskapsrik organisasjon, med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø. Vi tilbyr Løn som fyrstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (1408/1434/1364) i lønsspenn frå kr. 620 000 til 800 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.Aktive velferds- og idrettsforeiningar.Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, med treningsrom i kontorlokala. Verdt å merke seg før du søker: For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar vi vurderer å tilsetje, kan vi gjennomføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.SSB skal vere ein god stad å arbeide for alle, og me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn, eller har hatt lengre fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring dei siste åra, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit til positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekome behova dine. Kontaktinformasjon Julia Skretting, Forskningsleder, +[phone], julia.skretting@ssb.no Arbeidssted Akersveien 260177 Oslo Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyråReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 05.10.2026

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen