Off. godkjent sjukepleiar

Heimetenester, Bakk-Ola-markaØRSTAPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026<p>Fast 100 % stilling som sjukepleiar med varierte oppgåver innan helsetenester, veiledning og bruk av velferdsteknologi. Nødvendig utdanning og førarkort krevst.</p>

Om stillingen

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast 100 % sjukepleiarstilling frå 01.12.26. Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. Vi er opptatt av å hjelpe kvarandre og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du må derfor vere fleksibel og løysingsorientert i møte med endringar og utfordringar som er ein del av arbeidskvardagen. I bufellesskapet på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. I dag gir vi teneste til 33 brukarar, men talet kan variere etter kven som får tilbod om bustad på Bakk-Ola-marka. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga vakt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar. Vi er ei framtidsretta teneste som kontinuerleg utviklar og tilpassar oss for å møte morgondagens behov.  Gjennom årsplanlegging og god oppgåvedeling sikrar vi rett kompetanse til rett tid gjennom heile døgnet og året. Vi jobbar helgetimar etter tenestebehov.  Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida. Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte. Arbeidsoppgåver Kartlegging og vurdering av helsetilstandUtøving av helsetenester til heimebuande, fagleg og etiskFokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursarLegemiddelhandteringDokumentere observasjonar, målingar, vurderingar og tiltak i pasientjournal Sikre fagleg forsvarleg teneste i tråd med lovverk og rutinar  Samarbeid og kommunikasjon med brukar, pårørande og andre samarbeidspartarVeiledning og opplæring av medarbeidararBruk av velferdsteknologiPrioritere og organisere arbeidsoppgåver på vakta Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningslinerJusteringar og endringar innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid. Kvalifikasjonar Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar. Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte Relevant arbeidserfaring er ein fordelDu må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingarGod norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjonDu må ha førarkort klasse B Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing  Personlege eigenskapar Vi ynskjer at du:  er engasjert, løysningsorientert og har godt humør er utviklingsorientert og motivert for omstillinghar gode kommunikasjons- og relasjonskompetanse samt gode samarbeidsevnerevne til å skape tillit og gode relasjonar til brukar, pårørande og kollegaer. arbeider målretta, strukturert og sjølvstendigtrivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg rasktbidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljøVi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljøUtfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.  Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.Rekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år, er akuelt å gi til nytilsette. Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkludert helgar. Langvakt er mogleg. Stillinga er plassert i HTA kap. 4. gr2. Stillinga med krav om min 3-årig høgskuleutdanning Stillingskode 7174 sjukepleiar Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14. Dokumentasjon  Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. Kontaktinformasjon Agnieszka Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar heimetenester Bakk-Ola-marka, [phone], agnes.kubon-rzeszutek@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no Arbeidsstad Anders Hovden-gata 276150 Ørsta Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen