Om stillingen
Vil du leie og utvikle ei sentral merkantil eining i eit av landets største kreftmiljø?
Kreftklinikken har regionalt ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Vestland og Rogaland. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle framtidas kreftbehandling og pasientforløp, og dei merkantile tenestene er ein viktig del av dette arbeidet.No søkjer vi ein seksjonsleiar for kontorseksjonen. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for 21 medarbeidarar og ein seksjon som har ei nøkkelrolle i pasientforløpa våre. Dei merkantile medarbeidarane møter pasientar og pårørande, koordinerer undersøkingar og behandling, følgjer opp ventelister og bidrar til at klinikken fungerer effektivt og forsvarleg.Vi ser etter deg som kombinerer forståing for sjukehusdrift og pasientadministrative arbeidsprosessar med evne til å skape engasjement, utvikle medarbeidarar og gjennomføre endringar i samarbeid med andre.Seksjonen står framfor spennande utviklingsarbeid knytta til arbeidsmiljø, oppgåvedeling, digitalisering og kontinuerleg forbetring, og du vil få ei sentral rolle i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Leie, utvikle og følgje opp kontorseksjonen med ansvar for fag, økonomi og personalBidra til eit godt arbeidsmiljø, høg medarbeidarinvolvering og eit nærværsskapande arbeidslivDrive utviklings- og endringsarbeid i samarbeid med medarbeidarar, leiarar og fagmiljøVidareutvikle arbeidsprosessar og organisering for å møte framtidige behovFølgje opp aktivitet, kvalitet, ventelister og fristbrot ved hjelp av styringsdata og rapporteringAnalysere og nytte relevante data som grunnlag for styring og utvikling av seksjonenBidra til god koordinering mellom kontorseksjonen og kliniske fagmiljøVere fagleg ressurs og støttespelar innan pasientadministrative arbeidsprosessarDelta aktivt i klinikken si leiargruppe Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning eller annan relevant bakgrunn innan helseadministrasjon eller merkantil driftLeiarerfaring med personalansvar er ein fordelErfaring frå spesialisthelsetenesta eller annan kompleks kunnskapsorganisasjonGod forståing for pasientadministrative arbeidsprosessar og merkantil drift i sjukehus er ønskjelegErfaring med styringsdata, rapportering, kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring er ein fordelRelevant leiarutdanning er ønskjeleg. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanningGod digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye verktøy og arbeidsmetodarGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskPersonlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som:
Skapar tillit, retning og engasjementEr trygg i leiarrolla og evnar å stå i krevjande situasjonarFår medarbeidarar med seg i utvikling og endring
Byggjer gode relasjonar og samarbeider godt på tvers av fagområdeHar gjennomføringsevne og evnar å omsetje mål til praksisArbeider strukturert, analytisk og løysingsorientertBidrar til ein open, inkluderande og utviklingsorientert kulturPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vektVi tilbyr
Ei sentral leiarstilling i ein klinikk med høge ambisjonarMoglegheit til å påverke utviklinga av viktige pasientadministrative tenesterEit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidararLeiarfellesskap i ein klinikk i utviklingLøn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningerVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Straume, Direktør, 47304887
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 18.09.2026
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen