Om stillingen
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ønsker å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit.
Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Vi har ledig
2x100 % vikariat som kontaktperson f.o.m. 04.01.27 - 04.01.28Begge stillingane er per i dag knytt til undersøkingsteamet. Det kan skje endringar i organisering, bemanning og oppgåvefordeling i løpet av vikariatperioden, og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra i tråd med tenesta sine behov.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde er
sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverkplanlegge og gjennomføre undersøkingar av bekymringsmeldingarkartlegge og undersøke barn og familiar sitt behov for hjelp etter lov om barnevernbygge tillit og kommunisere effektivt med barn, foreldre og nettverk i sårbare situasjonargjennomføre samtalar med barn og forvalte deira synspunktsamarbeide tett med eksterne instansar (t.d. skule/barnehage, politi, helse) og ha god oversikt over kommunens instansar og tilbodgjere analysar og vurderingar kring barnets bestegrundig dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barnførebu saker og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansarsamarbeide med andre team i tenestadelta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenestaakuttarbeidNoko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast.
Kvalifikasjonar
bachelor i barnevern eller sosialt arbeidanna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaringerfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ønskeleggod skriftleg og munnleg framstillingsevneførarkort klasse BVi søker deg som
arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i teamhar god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjonutfører arbeidet med respekt for barn og deira familiarhar gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonartek barns medverknad på alvorhar god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljøhar gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måteVi tilbyr
rettleiing – både individuelt og i gruppe fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanningeit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaerfleksibel arbeidstidrekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-gode pensjonsordningarKrav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen