Om stillingen
Trivst du når ingen dagar er heilt like? Likar du å kombinere klinisk spisskompetanse med raske vurderingar, korte behandlingsforløp og tett tverrfagleg samarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist i 100% fast stilling ved Seksjon for akutte tenester. Vi held til i moderne lokale på Danmarksplass og har ansvar for innbyggjarane i Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.
Seksjon for akutte tenester er ein sentral del av akuttberedskapen ved Kronstad DPS. Seksjonen er bemanna med psykiater, psykologspesialistar, psykologar, sosionom og psykiatrisk sjukepleiar/seksjonsleiar, og arbeider tett saman for å gi rask og fagleg forsvarleg hjelp til pasientar i akutte psykiske kriser.
Vi har ansvar for akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og tilbyr også avgrensa behandlingsforløp etter den akutte fasen. Målet er å gi god og målretta behandling tidleg, bidra til meistring og stabilisering, og når det er mogleg førebyggje unødige innleggingar i døgnavdeling.
Seksjonen tek imot tilvisingar frå legevakt, fastlegar, somatiske sjukehus, poliklinikkar og private spesialistar. Som psykologspesialist hos oss vil du få arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, frå akutte kriser og alvorlege psykiske lidingar til diagnostiske avklaringar og korte, intensive behandlingsforløp.
Vi legg stor vekt på fagleg utvikling og samarbeid. Seksjonen har faste møte for faglege drøftingar, eigen spesialistrettleiing, regelmessig undervisning og deltaking i fagutviklingsarbeid ved Kronstad DPS. For interesserte medarbeidarar finst det også moglegheiter for forsking og utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Delta aktivt i den faglege og organisatoriske vidareutviklinga av Seksjon for akutte tenester i tråd med gjeldande føringar og lokale målsetjingar Gjennomføre akuttpsykiatriske vurderingar, diagnostiske avklaringar og kriseintervensjonar, og bidra til vurdering av vidare behandlingsbehov og oppfølging Ha ansvar for vurdering, behandling og oppfølging av pasientar som blir tilviste til akuttime ved DPS-etFølgje opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp med mål om stabilisering, meistring og avklaring av vidare behandlingsbehovSamarbeide tett med poliklinikkar, døgnseksjonar og andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt for å sikre gode pasientforløpBidra med psykologfagleg kompetanse i tverrfaglege drøftingar, behandlingsplanlegging og fagutviklingKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som psykologspesialistBrei klinisk erfaring frå psykisk helsevern for vaksne
Erfaring frå allmennpsykiatri og/eller akuttpsykiatri er ønskjeleg Erfaring med diagnostiske vurderingar, krisehandtering og korttidsbehandling vil vere ein fordel Interesse for utvikling av akutte tenester og forbetringsarbeidErfaring frå tverrfagleg samarbeid og teamarbeidGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og trivst med å arbeide tett saman med andre faggrupper Du er sjølvstendig, fleksibel og trygg i kliniske vurderingar Du trivst med ein variert arbeidskvardag og kan handtere både planlagde og uventa oppgåverDu arbeider strukturert og målretta, også i periodar med høgt arbeidstempoDu er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til vidareutvikling av teamet og tenestene våre Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø gjennom engasjement, openheit og støtte til kollegaer Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Ei spennande spesialiststilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver og kliniske problemstillingar Høve til å påverke vidare utvikling av Seksjon for akutte tenester og tenestetilbodet ved Kronstad DPS Eit sterkt fagleg fellesskap med høg kompetanse, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningarVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gunnhild Karlsen Stien, Seksjonsleiar, 91375045
Arbeidsstad
Ibsens gate 75053 Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 04.10.2026
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen